Nyheitene i dag fortel at klimatoppmøtet i Egypt er over og at Black week er i gang. Det er eit paradoks. Den eine veka er det fokus på å dempe utslepp den neste skal vi kjøpe ting vi kanskje ikkje treng som fører til meir utslepp og avfall.

Den største utsleppskjelda er transport og da må vi også få gjort noko med transportbehovet. Da må vi slutte å transportere varer over lange avstandar og verda rundt. Vi treng meir gjenbruk og sirkulærøkonomi og ikkje meir bruk og kast.

Innan arbeidslivet treng vi fleire til å velje å jobbe i yrke som samfunnet har brukt for. Innan handel treng vi fleire som ser moglegheiter til gjenbruk og reparering for å få ned klimaavtrykket og avfall. Vi treng fleire sjåførar innan kollektivtransporten, men også transportbransjen generelt. Innan anleggsbransjen må vi vri over til drift og vedlikehald og mindre nybygging. Vi treng fleire helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, leger, tannleger og andre som kan dekke behovet innanfor helsevesenet Vi treng at fleire vil produsere maten vår og som vil jobbe i matbransjen. Samtidig treng vi gode opplevingar og avkobling og da er både kultur og reiseliv viktig.

For å få ned transportbehovet må vi også byrje å produsere meir av det vi treng her heime i staden for å importere, da må industri og prosessindustri på plass. Vi må få fleire til å velge å køyre kollektivt, vi må dempe transportbehovet og vi treng meir bioøkonomi og mindre oljeøkonomi.

Skal vi lykkast med dette må fylkeskommunar ha ein økonomi som gjer at ein kan sikre eit utdanningstilbod som gjer at elevar vel å satse på desse yrka. Kommunesektoren og næringslivet må tilby lærlingplassar for at ungdommane skal få fullført utdanninga si og dei må ha ein økonomi som gjer at dei også kan tilsette dei.

Klimautfordringane må løysast både på makro- og mikronivå. Makro i dei store omstillingane frå kull, olje og gass og mikro i kva du og eg gjer med våre val av transport, innkjøp og forbruk. Vi treng store steg og mindre grep for å vri over frå forbrukssamfunnet til omsorgssamfunnet og sirkulærøkonomi som er bra for klimaet og som skapar lokale arbeidsplassar.

Eit lite steg er å legge til rette for meir gjenbruk gjennom lovverket. Frivilligheitssentralar i heile Norge får nå eit forenkla lovverk for å gjere det enklare å drive bruktbutikk. Kjøp og sal av brukte klede, møbler og alt du kan ha bruk for blir stadig meir populært. Det skapar berekraftige arbeidsplassar og det er bra for klimaet. Vi ser stadig større aktivitet på finn.no og andre sider der du kan kjøpe brukt og det poppar opp stadig fleire gjenbruks- og reparasjonsstadar.

Så kanskje vi skal tenkje oss om før vi stuper inn i black week og handlar noko vi kanskje ikkje treng, men heller ta ein tur på bruktbutikken?