1. september markerer bibliotek over heile landet «Nasjonal bibliotekdag», ei årleg markering av biblioteka si rolle i samfunnet. I Frivilligåret 2022 er det rett å markere kor viktige biblioteka og dei frivillige er for kvarandre og for lokalsamfunnet.

Eit bibliotek er ikkje «berre» ei boksamling. Eit bibliotek har bøker og andre media for å bidra til utviklinga av lokalsamfunnet og dei som lever der. Biblioteket bidreg til læring, kunnskapsdeling, kulturformidling og underhaldning! For å få til dette må biblioteket samverke med lokalsamfunnet. Samarbeid med frivillige organisasjonar og enkeltpersonar utløyser enormt med aktivitet og kreativitet i biblioteka og lokalsamfunnet. Vi er med og byggjer både enkeltpersonar og samfunn.

Aktivitetar som bibliotek og organisasjonslivet gjer saman er til dømes leksehjelp, språkkafé, lesegrupper, leseombod, slektskafé, lokalhistorisk arbeid, konsertar, sjakkturneringar, kodeklubbar og mykje meir. Biblioteket er ein arena der alle kan koma til orde, og der du kan bidra med det du kan og ikkje minst tida di.

Kva har du igjen for det? I ordet frivillig ligg at det ikkje er betaling for innsatsen. Men som i all god dugnadsinnsats sit du att med kjensla av at du har gjort noko bra for andre. Du har vore med på integreringsarbeid gjennom språkkafé, lese høgt for nokon som har mista synet, kanskje vore rettleiar på ein PC eller lempa stolar etter eit arrangement. Du kan òg ha arrangert eit forfattarbesøk eller debattmøte som leiar for historielaget eller sanitetslaget, eller hatt eit handverkskurs. Dermed har du vore med på kunnskapsdeling, kulturformidling, læring, underhaldning – og samfunnsbygging.

Arne Garborg sa at «Tek kvar og ein sin vesle stein, er snart vår åker rein». Samarbeid mellom biblioteka og frivilligheita gjer både biblioteka, lokalsamfunna og enkeltpersonane sterkare. Gå til ditt lokale bibliotek og spør kva du kan gjera for biblioteket!